|
|
Sjukdomsforløp vedr. allergi og intoleranse
Anne Irene Saua 49 år, frå Sauda. 41 20 80 39
Då eg starta på ungdom-skulen fekk eg påvist fleire ulike allergiar; husstøv, mat, dyr, pollen og klede. Legen fortalde korleis rommet mitt burde sjå ut. Det minna stygt om ei glattcelle. Eg nøys og klødde mykje. Augnedråpar og nasespray blei hjelpemiddel. Nokre tablettar blei også prøvd, men dei gjorde meg så søvnig at eg kunne ikkje ta dei.
Etter at eg hadde fødd to ungar på 5 år forandra allergien seg gradvis. Eg nøys og klødde ein del enda, men nå fekk eg andre plager i tillegg. Nå kunne eg plutselig bli akutt sjuk. Enorme magesmerter, kvalme, oppkast, diarrè og forstoppelse. Mange festlige lag blei øydelagt pga det. Kroppen blei tung og lat, hovudet var som eit tungt vakum. Eg vakna som om eg skulle ha vore på fest kvar kveld. I desse åra prøvde og feila eg ein del i forhold til maten, men eg klarte aldri å finne nokon gode svar. Det var så komplekst at eg blei lurt heile tida. Legane tilbaud meg reseptpliktig medisin, noko eg takka nei til. Kroppen min ville ikkje ha det og bli endå meir ”sliten”. Mange prøvar blei tatt og eg svelde slangen. Dei allergi prøvane som hadde slått ut for ca 15 år sidan slo ut igjen. Eg fekk tilbud om ernæringsfysiolog. Dette takka eg ja til. Det var eit trist møte. Ho syntest eg åt så sundt at eg måtte berre fortsetje med det. Ja men, eg blir jo ”dausjuk” prøvde eg, men det var det ikkje gehør for. Eg takka for meg og gjekk!
Åra gjekk og eg blei heller dårligare. Staheten min brukte eg til å piske meg å stå på og til fysisk aktivitet. Det var med på å halde vett og forstand, holdt på å bli gal! Nov. 2004 tok eg kontakt med Heggeli Helhetsmedisin. Her blei det tatt nye prøvar som blei sendt til USA. Nå fekk eg vite meir om kva eg var allergisk mot og kva eg var intolerant mot. Eg fekk utarbeidd ein spesiell kostplan, tilpassa meg og mine behov. I 2005 starta eg også behandling hos Reidun Syvertsen i Fredrikstad. Dette blei starten på slutten av mine problem! Eg pendla og hadde mange konsentrerte behandlingar der. Nå var det utrenskning og oppbygging av kroppen for alle penga. Resultata kom. Eg blei meir opplagd og fekk meir stabilitet i kroppen. I tillegg fann eg ei lokal som kunne hjelpe meg med å gjennomføre programmet. Etter å ha gjennomført programmet til Syvertsen merka eg stor endring. Når ein har slite med helsa i over 35 år seier det seg sjølv at det ikkje er hokkus pokkus slutt med plagene. På fleire plan må det ei endring til, fysisk, psykisk og kjemisk. Eg er betydelig betre og vil nok bli endå betre. Det er viktig å ha tru på at dette skal bli bra! Kroppen treng tid å kome i balanse igjen. Eg har tolmodighet til å la den få tid, og det trur eg er viktig. Det er slutt på den tida då eg stonga hovudet i veggen. Eg er ved godt mot og gler meg til morgondagen!
|